Viser innlegg med etiketten dikt av Jakob Sande. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dikt av Jakob Sande. Vis alle innlegg

fredag 4. februar 2011

Kvar gong du og eg lyt skiljast-

Kvar gong du og eg lyt skiljast
og vår lukkeskål er tømd,
går eg inn i livsens myrkaste
time.
Eg står einsam i ein avgrunn,
og det er som eg
fordømd
inn i skodda høyrer likferdsklokker
kime.
Kvar gong du og eg får møtast,
og vår lengtings
mål er fylt,
går eg inn i livsens ljosaste time.
Eg står omflødd av eit solhav,
og det er som eg fortrylt
gjennom dalar høyrer bryllupsklokker
kime.
Jakob Sande