tirsdag 22. februar 2011

fredag 4. februar 2011

Kvar gong du og eg lyt skiljast-

Kvar gong du og eg lyt skiljast
og vår lukkeskål er tømd,
går eg inn i livsens myrkaste
time.
Eg står einsam i ein avgrunn,
og det er som eg
fordømd
inn i skodda høyrer likferdsklokker
kime.
Kvar gong du og eg får møtast,
og vår lengtings
mål er fylt,
går eg inn i livsens ljosaste time.
Eg står omflødd av eit solhav,
og det er som eg fortrylt
gjennom dalar høyrer bryllupsklokker
kime.
Jakob Sande